top of page
28p9OnPE.jpeg

Askeladden og prinsesse Tiril

Prinsesse Tiril har alt det flottaste du kan tenkje deg: diamantar, kjolar og gull, og det er ikkje mangel på dei som ynskjer å vere ven med ho. Men, prinsessa føler seg likevel åleine. Mest av alt ynskjer ho seg ein ven som ho kan prate med om store oppdagingar, det uendelege universet, og om korleis verda heng saman, ikkje ein som berre vil telje pengane hennar og prøve gulldoen på slottet.Klarar du å bli ven med prinsesse Tiril? Bli med Askeladden og prøv, på vegen lurar farar og den som ikkje klarar å innfri prinsessas ynskje, kan det gå riktig så gale med. Vil Askeladden klare det trur du?

Foto: Milena Nowak

Framsyningsinfo

Passar fra 3 år

Varigheit: ca 1 time (kortversjon 40 min)

 Medverkande: Lina Taule Fjørtoft, Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt og Katrine Lovise Øpstad Fredriksen

Tidlegare medverkande: Magdalena Kuna, Kaja Linder Henriksen, Niklas Karlsen, Ole Marius Øfsthus, Cosmina A. Giurgiucanu

​Manus: omarbeida versjon av "Prinsessen som ingen kunne målbinde, dramatisert av Lina Taule Fjørtoft og Magdalena Kuna, bearbeida av kompaniet.​

 

Støtta av: Bergen kommune​​​

Tidlegare spelt:

Tidlegare spelt:

Senja Barnefestival (2024)

Den Kulturelle Skulesekken, Bergen (2022)

Fjell Festnining (2022)

Dagsturhytten i Alver (2021)

Barnelaurdag (2021)

Åsane U82 (2021)

Digital framsyning i samarbeid med Det Vestnorske Teateret (2020)

Kulturdagane i Arna (2019)

Barnelaurdag i bydelene (2019)

St. Hans i Slettebakken

Løvstakkdagene Solheimsviken

Kom deg ut dagen på Lysøen

Loddefjord (barnehageturné)

Nygårdsparken (2018 - 2022)

bottom of page