Eventyr i Parken
Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som jobbar for å skape unike utandørs kulturopplevingar for barn og unge. Vi produserer og turnérar eigne framsyningar, og tek også eventoppdrag. Vi dreg gjerne ut på eventyr på skuler, i barnehagar, gatemarked, festivalar, i skog, gatesmau og andre stader vi endå ikkje har oppdaga.
For oss er det viktig at tilbodet vårt skal vere tilgjengeleg for flest mogleg. Vi fokuserer difor på å vere eit oppsøkande teater som også skal vere rimeleg å delta på. For å få dette til er vi avhengig av støtte og gode samarbeidspartnarar. Vi takkar alle støttespelarar som er med på laget for at eventyret kan fortsette!
Eventyr i Parken vart grunnlagt i desember 2018 av Cosmina Alexandra Giurgiucanu, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna og Thomas B. Brandt. Kompaniet ledast i dag av av Lina Taule Fjørtoft, Stine Revheim Svellingen og Thomas B. Brandt, som alle har bakgrunn frå kulturbransjen. Med oss på laget har vi fleire lokale kulturaktørar, som saman med oss brenn for å skape kultur- og naturopplevingar for barn og unge av høg kvalitet!

Lina Taule Fjørtoft
Manusforfattar, produsent, skodespelar, styreleiar og marknadsføringsanvsvarleg.
Lina har m.a. vore å sjå i roller som Trollkjerring, Bamse Bamsemums og Prinsesse Tiril. Ho har ein BA i teaterproduksjon og skodespelarfag ved Nord universitet og vidareutdanning i Kulturelt entreprenørskap frå NMH. Ho jobbar både skapande og utøvande innanfor institusjonsteater og i det frie feltet. Etter endt utdanning har ho m.a. vore tilknytta Den Nationale Scene, Det Vestnorske Teateret og Teatret Vårt. Lina har også brei erfaring med turné med eigne teaterproduksjoner i både barnehage og skule.
Meir info: linataulefjortoft.com

Thomas B. Brandt
Manusforfattar, produsent, skodespelar, styremedlem.
Thomas har m.a. vore å sjå som Mikkel Rev, soppen Fungi, Askeladden og lille Edvard Grieg. Thomas har sin bakgrunn frå film og TV, og studentteateret Immaturus. Han har m.a. vore med å produsere TV-seriar som «Rykter» og «Verden er min» på NRK. Han har også medverka i fleire teaterproduksjonar på Den Nationale Scene.
Thomas har lang erfaring med å turnére med både film og teaterworkshops i Den kulturelle skulesekken.

Stine Revheim Svellingen
Manusforfattar, produsent, skodespelar, nestleiar og økonomiansvarleg.
Stine har m.a. vore å sjå i roller som Skogsprinsessa Alva, ulven Varg og Padda. Stine har ein master i teatervitskap og har studert klovn ved Ecole Philippe Gaulier. Ho har brei kompetanse innan teaterfeltet, som utøvar, improvisatør, manusutviklar og produsent.
Stine har jobba i ulike funksjonar m.a. hjå Det Vestnorske Teateret, Den Nationale Scene, Cornerstone, Bergen Dramatikkfestival, Agder Nye Teater, Agder Teaterlaboratorium, Teaterfestivalen i Fjaler og Bymuseet i Bergen.

Bekka Vik Erlandsen
Styremedlem, inspisient og produsent
Bekka starta sin reise med Eventyr i Parken via Proscen sitt "produsentspire"-program. Ho hjelper til med å halde i trådene som co-produsent i DRAUG, og er også inspisient i Det Suser i Sivet.
Ellers er Bekka også fagbokforfatter av boka "Barnetragedien - Tabuteater for barn", forskar og held foredrag om denne tematikken.
Bekka har mastergrad i dramapedagogikk og anvendt teater frå Høgskulen på Vestlandet, og jobber også utøvende med scenekunst som regissør og manusforfattar.
Medverkande

Ingeborg Meyer Lysne
Skodespelar
- "DRAUG"

Adele Lærum Duus
Regissør og manusforfattar
- "DRAUG"
- "Det suser i sivet"

Kristine Alida Grønsdal Netteland
Skodespelar
- "Reveenka"
- "Herdis på Sølverstad"
- "Jakten på gullkorset"
- "Lussi Langnatt"
- "Skogsprinsessa"
- Opning av dagsturhytte i Eidfjord

Tora Troe
Scenograf/kostymedesigner
- "DRAUG"
- "Skogsprinsessa"
- "Det suser i sivet"

Katrine Lovise Øpstad Fredriksen
Skodespelar
- "Skogsprinsessa"
- "Askeladden og prinsesse Tiril"
- "Heksejakten"
- "Reveenka"
- "Lille Edvard"
- "Lussi Langnatt"
Visste du at?
I 2021 kom Eventyr i Parken blandt topp 5 i Bergens Tidende si kåring av "Bergens beste barneopplevingar."
I 2023 mottok vi Bergen Teaterforenings pris: "Rampeløkten" for vårt nyskapande arbeid.
Bli betre kjend med oss her!
Tidlegare medverkande

Jan Neal Holden
Regikonsulent
- "Skogsprinsessa"

Magdalena Kuna
Grunnleggar, tidl. styremedlem, manusforfattar, skodespelar, grafisk utforming og produsent.
Magdalena medverka i dei fleste produksjonane våre til og med april 2023.

Ole Henrik Risøy Solheim
Skodespelar:
- "Lille Edvard"
- Dagsturhytteopning Eidfjord

Amalie Mikkelsen Vere
Skodespelar:
- "Lille Edvard"
- "Hans og Grete"

Kaja Linder Henriksen
Skodespelar:
- "Askeladden og prinsesse Tiril"
- "Reveenka"
Musikk:
- "Det Suser i Sivet"

Filip Kremner
Skodespelar:
- "Reveenka"

Cosmina Alexandra Giurgiucanu
Grunnleggar, tidl. styremedlem, manusforfattar og skodespelar.
- "Askeladden og prinsessen som ingen kunne målbinde"
- "Påskeeggmysteriet"
- "Hans og Grete"
- "Raudhette"
- "Den stygge andungen"
- "Askeladden som kappåt med trollet"

Oda Alisøy
Skodespelar:
- "Den sorte skuggen"

Karl Gran Grodås
Skodespelar:
- "Raudhette og ulven"
- "Reveenka"

Niklas Karlsen
Skodespelar:
- "Askeladden og prinsessen som ingen kunne målbinde"
- "Snøkvit"

Victor Olsbø Skinlo
Skodespelar:
- "Hans og Grete"
- "Snøkvit"

Johannes Melhus Medlien
Skodespelar:
- "Hans og Grete"

Ole Marius Øftshus
Skodespelar:
- "Askeladden og prinsessen som ingen kunne målbinde"
.png)



