Den sorte skuggen
Ei sort skugge breiar seg over byen og folk vert sjuke. Ei sliten jente, med slitte klede kjem til Bjørgvin, ho tørr ikkje seie noko om kven ho er eller kvar ho kjem frå, men med seg har ho ei stor mystisk bok. Det kviskrast i byen, nokon meiner dei har sett ei mørkkledd, gamal dame, vandrande rundt. Nokre gonger vert ho sett med rive, andre gonger med kost. Har ho noko med sjukdommen som spreiar seg å gjere? Vi drar tilbake til Bergen i 1349 og ser på dåtidas møte med ein ukjent sjukdom.
Foto: Michaela Gettwert
Framsyningsinfo
Passar frå 5 år
Varigheit: 1 time
Medverkande: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Stine R. Svellingen
Tidligare medverkande: Oda Alisøy, Magdalena Kuna
Manus: Thomas B. Brandt, bearbeida av kompaniet.
Støtta av: Bergen 950 års jubileum
Tidlegare spelt: Barnelørdag i bydelene (2021), Join in konferansen (2021), Nygårdsparken(2021)