
DRAUG
- Ein co-produksjon med Senja Barnefestival
DRAUG er eit eventyrleg vandreteater inspirert av nordiske segn og folketru frå den norske kysten.
Når eit merkeleg møte ute på havet set søstrene Sara og Olise på sporet av eit gammalt mysterium, legg dei ut på ei spennande ferd gjennom landskapet på jakt etter svar. Undervegs møter dei skapningar frå norsk folketru og spor etter krefter som lenge har lege gøymde i havdjupet.
Publikum blir aktive medspelarar i forteljinga gjennom gåter, oppdrag og magiske møte. Med naturen som scenografi utforskar DRAUG tema som mot, søskenkjærleik, respekt for naturen og kor viktig det er å lytte til havet.

Sesongens framsyningar (2026)
PREMIERE Senja Barnefestival : 27. - 28.juni
FRAMSYNINGAR:
18.-19.06: NORGES FISKERIMUSEUM i BERGEN (førpremiere)
15.08 AUSTEVOLL
16.08 ALVER
13.09 TEATERFESTIVALEN I FJALER
19.09 SAMNANGER
10.10 STRYN
11.10 SOLVORN
Oktober: DKS ØYGARDEN/KYSTMUSEET I ØYGARDEN: 12 dagar med skuleframsyningar.
Ønskjer du besøk av DRAUG i 2027? Ta kontakt!
Foto: BackDrop
Framsyningsinfo
Passar frå 6 år
Varigheit: ca. 50 minutt
Medverkande: 3 skodespelarar.
Skapande skodespelarar: Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt & Ingeborg Meyer Lysne
Manus: Lina Taule Fjørtoft, Adele Lærum Duus
Regi: Adele Lærum Duus
Produsent: Lina Taule Fjørtoft
Produsentassistent: Bekka Vik Erlandsen
Kostyme- og rekvisittdesign: Tora Troe
Kostymesyer: Signe Duus
Plakatdesign: Tora Troe
Manusbidrag: Katrine Lovise Øpstad Fredriksen
FRAMSYNINGA ER STØTTA AV:

.png)








