top of page
IMG_4021_edited.jpg

«Eg har sett det sjøl»
Premiere: Juni 2026

Kan du høyre havet ropar? ​

Havet har alltid gitt liv og forteljingar langs kysten vår. Men når grenser blir kryssa og åtvaringar ikkje blir høyrde, kan det få konsekvensar. To fiskarar har forlist, og spørsmåla ligg i lufta: Tok dei meir enn dei trong? Var det Kraken dei fiska over? Og kvifor kviskrar Draugen i bølgjene?

I «Eg har sett det sjøl» blir publikum tekne med inn i eit univers inspirert av nordiske sagn og folketru frå den norske kysten. Barna får møte mytiske skapningar langs ei rute, der naturen sjølv er ein del av scenografien. Gjennom leik, spenning og forteljarkunst blir publikum minna på kor viktig det er å lytte til havet.

Bli med oss og opplev eit eventyrleg vandreteater for heile familien!

Nærbilde av havbølger

Sesongens framsyningar

Troms fylke: 

Senja: 27. - 28.juni

​​​​

Vestland fylke:

Bergen: Juni

... Fleire datoar og spelestadar kjem!

Framsyningsinfo

Passar frå 6 år

Varigheit: ca.1 time

Medverkande: 3 skodespelarar.

Skapande skodespelarar: Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt & Katrine Lovise Øpstad Fredriksen 

Manus: Lina Taule Fjørtoft, Adele Lærum Duus

Regi: Adele Lærum Duus

Produsent: Lina Taule Fjørtoft

Produsent assistent: Bekka Vik Erlandsen

Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troe

Plakatdesign: Tora Troe

Framsyninga er støtta av: 

eip støttespelarar (2).png

Skisser

  • grasrotandelen
  • alt.text.label.Facebook
  • Instagram

©2024 av Eventyr i Parken

bottom of page