top of page
Herdis på Sølverstad
"Det var brann hjemme! Vi måtte kjempe oss ut av flammene alle sammen. Det gikk bra, men det var bare såvidt""Herdis på Sølverstad" tek publikum med tilbake til Møhlenpris og Bergen anno 1912. Publikum får bli med på ei vandring langs gatane på Møhlenpris, her får dei oppleve materiale frå Bergensforfatter Torborg Nedreaas si trilogi om "Herdis". Publikum vert sjølv behandla som elevar i 1912, og må m.a. lære seg korleis ein skulle kle og te seg ved Møhlenpris skole. Torborg Nedreaas var ei markant kvinneleg Bergensforfatter som lå langt forut sin samtid, vi ynskjer med dette å løfte ho og hennar verk fram for den yngre generasjon.
Framsyningsinfo
Passar for 5.klasse og oppover
Varigheit: 1 time
Stadsspesifikt: Møhlenpris
Manus: Torborg Nedreaas, bearbeida av Eventyr i Parken. (Etter avtale med Teaterforlaget Songbird)
Medverkande: Thomas B. Brandt, Stine Svellingen, Kristine Alida Grønsdal Netteland/Amalie Jensen Tolo
Produsert i samarbeid med: Sydnes Historiske Lag og Torborg Nedreaas Stiftinga.
Læringsopplegg er utarbeida i forbindelse med framsyninga.
Støtta av: A/S Bergens teater og det dramatiske selskabBergen kommune
Tidlegare spelt:Møhlenpris skole (2023), Møhlenprisdagen (2023)
bottom of page