Lille Edvard
Kvar fekk Edvarg Grieg inspirasjon til musikken sin frå? Kvifor vart han ein av Norges mest kjende komponistar, og korleis var han eigentleg som barn? “Lille Edvard” er ei framsyning om barndomen til ein av verdas mest kjende komponistar – Edvard Grieg. Vi fortel historia om korleis Grieg fann inspirasjon i naturen, ved å ta publikum med nettopp dit, ut i naturen. Plantane syng sine melodiar til lille Edvard. Han elskar å høyre på den nydelege songen til Rosebusken Rita og på spanande forteljingar frå det gode gamle Eiketreet. Edvard lærar publikum å lytte til plantenes melodiar som Eiketreets "morgenstemning" og Solsikkens nynning på "Solveis sang", før noko heilt utenkeleg skjer! Sjølvaste Dovregubben dukkar opp...
Foto: Michaela Gettwert
Framsyningsinfo
Passar frå 4 år
Varigheit: 1 time
Framsyninga spelast med 4 skodespelarar
Medverkande: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Stine Svellingen, Ole Henrik Solheim, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen
Tidlegare medverkande: Magdalena Kuna, Amalie Mikkelsen Vere
Manus: Magdalena Kuna, bearbeida av kompaniet.
Støtta av: Bergen kommune, byjubileum 950 år
Publikum:
Tidlegare spelt:
DKB Askøy (2023)Lysøen
Kom deg ut dagen (2021-2023)
Nygårdsparken (2020-2022)
Bergen Fringe Festival (2022)