Lussi Langnatt
Svart senker natten seg, i stall og stue. Andrea og Silje skal feire si fyrste jul saman som stesøstre. Det er ikkje særleg enkelt når dei er vane med å gjere alt klart til jul på heilt ulike måter! Dei kranglar, noko dei har gjort mykje i det siste, men å krangle på ei natt som denne er ikkje særleg lurt. I natt er nemleg mørkrets dronning Lussi ute og vandrar, på jakt etter triste og mørke tanker.Lussinatten er ei av årets lengste netter, ei natt kor mykje rart hender; dyra kan plutseleg snakke, og vetter og nisser skal sørge for at alt er klart til jul. Sola har gått sin veg, skuggane truer. Ei natt der lyset og mørkret må kjempe mot kvarandre - vi treng di hjelp!
Foto: Michaela Gettwert
Framsyningsinfo
Passar frå 5 år
Varigheit: 1 time
Spelast helst i skumring/mørke
Framsyninga spelast med 4 skodespelarar
Medverkande: Thomas B. Brandt, Stine Revheim Svellingen, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen, Amalie Jensen Tolo/ Lina Taule Fjørtoft
Tidlegare medverkande: Magdalena Kuna
Manus: Stine Svellingen, bearbeida av kompaniet.
Støtta av: Bergen kommune
Tidlegare spelt:
Bekkjarvik gjestgiveri (2023)
Nygårdsparken (2020 - 2023)