top of page
g3u17I_g.jpeg

Reveenka

"Veit du kva ein bør seie for at nokon skal verte glad i deg?"

Dette er eit av spørsmåla Mikkel Rev lurar på, når han no skal ut på eit viktig oppdrag: Han skal fri, til sjølvaste Reveenka. For å få hjelp på sin friarferd oppsøkjer han publikum, "for born skal visst vere veldig gode på ord og kjensler!"Mikkel tar med seg publikum på ei vandring innover i skogen, mot Reveenkas hi. På vegen møter dei den slue ulven Varg, og den klumsete bjørnen Bamse, dei vil også fri! Men når utfordringar dukkar opp undervegs, vil ikkje ulven og bjørnen hjelpe til. Skal Mikkel ta seg tid til å stoppe opp? Her må publikum hjelpe Mikkel undervegs, og saman kome fram til kva som er rett og galt å gjere.

Foto: Signe Luksengard Fuglesteg

Framsyningsinfo

Passar frå 3 år

Varigheit: 1 time​

Stykket kan spelast av 3 og 4 skodespelarar. 

Medverkande: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Stine Revheim Svellingen, Kristine Alida Grønsdal Netteland/ Katrine Lovise Øpstad Fredriksen.​

Manus: Lina Taule Fjørtoft og Thomas B. Brandt, stykket er også bearbeida kollektivt. 

 

​Tidligare medverkande: Magdalena Kuna, Kaja Linder Henriksen, Filip Kremner, Karl Gran Grodås  

 

Støtta av: Bergen kommune

Omtaler

Sjå kva publikum synes:

Tidlegare spelt: 

Smøråsfjellet (2023)

Senja barnefestival (2023)

Den kulturelle bæremeisen, Askøy (2023)

Den kulturelle skolesekken, Bergen (2022)

Den kulturelle bæremeisen, Bergen (2022)

Årbakka og Håheim Gård, Tysnes (2021)

Mini sommermarked, Åsane (2021)

Solheimsviken (2021)

Barnehageturné med områdesatsning i Bergen kommune: Laksevåg/Loddefjord/Olsvik/Arna/Solheimsviken (2021)

Fjell festning (2021)

Leveld kunstnartun, Ål (2021)

Den kulturelle bæremeisen, Bergen (2020)

Nygårdsparken (2019-2022)

bottom of page