top of page

Trolljakt med Askeladden

Det er observert troll i Øvre Eidfjord!

 

Mellom Vøringsfossen og Eidfjord sentrum ligg Øvre Eidfjord. Kjent for sin flotte natur, "Norsk Natursenter Hardanger", camping og no også: TUSSAR OG TROLL! Arkeolog Sigrid Skogheim og hennar assistent Espen Askeladd skulle endeleg i gong med nokre større vikingutgravingar på den historiske Varberghaugen, like ved Norsk Natursenter, då dei merka noko rart. Høge lydar, store spor og noko verkeleg illeluktande! Etter lenger tid med undersøkingar er dei to no heilt sikre: Det må vere troll på ferde! Kan det hende det er sjølvaste Vøringstrollet som har forvilla seg ned til Varberg? Eller har det kanskje noko med sagnet om Tussafoten å gjere?​

No ber dei små og store kome for å delta på: TROLLJAKT.

Foto: Katrine Helle Midtbø

1-1100579.jpg

Framsyningsinfo

Passar frå 4 år

Varigheit: ca. 2 timar

Stadsspesifikt: Varbergshaugen i Øvre Eidfjord (kan tilpassast andre spelestader)​

Medverkande: Magdalena Kuna, Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Stine Svellingen​

Manus: Magdalena Kuna, Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Stine Svellingen​

 

Framsyninga er støtta av: Eidfjord kommune, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Sparebanken SR-bank, Leveld Kunstnartun

Tidlegare spelt:

Øvre - Eidfjord (2021 og 2022)

bottom of page